Har nettopp hatt inspeksjon på E39-tunnel: Ett tonn tung steinblokk falt i veibanen

Statens vegvesen beklagar i en pressemelding i dag på det sterkaste steinnedfallet i Trodaltunnelen på E39 torsdag.

– Det viktigaste er menneskeliv ikkje gjekk tapt, og det er vi glade for, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen Drift og vedlikehold vest.

Siste inspeksjon var så seint som i juni/juli no i sommar, og vart sluttført berre tre dagar før hendinga. Tunnelen har i tillegg gjennomgått ei stor oppgradering.

– Dette visar at geologi ikkje er ein eksakt vitenskap. Fjell er eit materiale som er i bevegelse, understrekar Finden.

Statens vegvesen understrekar nok ein gong at dei er lei seg for det som har skjedd.

– Vi tar no ein gjennomgang av våre rutinar for å sjå om det er noko vi kunne gjort annleis her. Alle slike hendingar gjer at vi går igjennom våre rutinar for å sjå korleis vi kan bli betre, legg Finden til.

Så lenge våre vegar er opne, er dei trygge og framkomelege for dei reisande, understrekar Statens vegvesen.